Vedlikehald på vegen “over Reset”

Posted on Posted in Dugnad, Framsida

Bygdelaget har fått ordna litt på vegen over Reset. Stein Næss har sendt inn nokre ord i samband med arbeidet:

Raunereset vart køyrt med bil nokre år før vegen langs fjorden var ferdig i 1920. Det var forferdeleg bratt, og Sogn Billag gjorde avtale om først å få prøva om bussen dei ønskte seg kunne greia å forsera Raunereset før kontrakt vart skriven.

No skulle vegen vera fin å gå, og me får prøva å halda graset mest mogeleg borte.