DugnadFramsida

Me er i gang

Skilt og stolpar er byrja komme opp i området rundt Flatningane. Det møtte ikkje mange til dugnad i dag, men dei som møtte jobba godt =) 

Det er merka opp mot Bergskar og Stordalen, og mot Eggi. Rundturane om Grånosene og opp til Grånosi står att. Me har og nokre skilt som skal opp i Engjadalen, og på Navarsete.

Bilete frå dagen:

System er stikkordet her – men primus motor frå Nes Gard hadde god kontroll!

Veret var lett skiftande, det kom nokre tåkedottar frå Engjadalen inni mellom, og då såg me i grunnen ingen ting =)

Greit å ha med seg ei jomfru, og folk som har vet på å bruke ho/den/det =)