Stimerking Flatningane

Posted on Posted in Dugnad, Framsida

Del 1 av stimerkingsprosjektet er komme so langt at skilt vart bestilt i byrjinga av september 2011. Asbjørn Månum har teke på seg ansvaret for å koordinere dette prosjektet, kostnadsrekna til omlag 80.000 kroner.

Stiane som vert merkt med skilt og kart-tavler i del 1 av prosjektet finn du innteikna grovsleg #Kart-1#

Del 2 av prosjektet vert å rydde skog og deretter merkje stiar i området mellom Råum og Høyheimsvik. Bygdelaget har fått tildelt SMIL-midlar til skogryddinga, og me søkjer prosjektpengar frå Luster Kommune til å merkje dette området også etter ny nasjonal standard. Ansvarleg for koordinering av skogrydding i del 2 er Arne Bondevik. Koordinator for skilting her er ikkje fastsett.

Stiane som er ynskt merkt med skilt og kart-tavler i del 2 av prosjektet finn du grovsleg innteikna #Kart-2#